Meny Lukk

PROSJEKT FOR SAL

Lys og moderne einebustad på to plan med 3 soverom, to opphaldsrom og bad. Bustaden har ein romsleg og solrik terrasse med utsikt vendt mot Hafslovatnet.

Einebustad i Botn bustadfelt på Hafslo


Om bustaden
Lys og moderne einebustad på to plan med 3 soverom, to opphaldsrom og bad. Bustaden har ein romsleg og solrik terrasse med utsikt vendt mot Hafslovatnet. Her har du god plass til å nyte fine sommarsdagar med familie og venner. I hovudetasjen har ein moglegheit for å få alle hovudfunksjonane ved etablering av eit ekstra soverom i stovedelen. Bustaden har to gode bodar, samt gode parkeringsløysingar på eige tun. Sjølve hjarta av denne einebustaden vil være det store opphaldsrommet med ekstra takhøgde i hovudetasjen med opa stove og kjøkkenløysing, med direkte utgang til veranda. Stova inneheld peisomn, open himling og store vindauge som slepp inn mykje naturleg lys.

Det er ein einebustad der alt er nytt og krev minimalt med vedlikehald dei første åra, dette betyr meir tid til fritid og familie.

Innhald

BRA: 177,9 kvadratmeter.
•Moderne einebustad
•Terrasse vendt mot fantastisk utsikt
•Utvendig bodar
•Utvendig parkering
•Tre(Fire) soverom
•To opphaldsrom
•To bad, vaskerom med eigen inngang alle rom har varmekablar
•Kjøkken og stove har open løysing, med himling på 3,3 meter på det høgaste
•Store vindauge
•Teknisk bod med varmekablar

Standard
Einebustaden i Botn er planlagt med optimal plassutnytting og god standard.
Bustaden vert levert med blant anna:
•1-stavs laminat av typen Kronotex Mammut Everest Oak Beige 3081.
•Våtromma vert levert med 20×20 grå standardfliser med sokkellist.
•Bustaden vert levert med innreiingspakke av kvalitetskjøkken frå Sigdal
•Bad vert levert kvit innreiing med spegelskap av typen Hilde frå LinnBad. Det vert levert servant skap på 90 cm med to skuffer, sentrert servant og spegelskap med integrert lys og stikkontakt, dusjhjørne 90×90 på bad i hovudetasjen. Det vert levert veggmontert toalett på begge bad.
•Stove og kjøkken vert gipsa på vegg og himling, vert måla i NCS S0502Y, medan dei andre romma vert levert med kvite ferdigmalte huntonit plater på vegg og himling.
•Veggane på våtromma vert levert med baderomsplater av typen Fortissimo Denver White 3091-F01
•Komplett balansert ventilasjonsanlegg ihht. TEK 17
•Vindauge og terrassedører vert levert kvitmåla med energiglas.
•Bustaden har to gode bodar.
•Listverk leverast kvite, fabrikkmalt med synlege spikarhol
•Peisomn vert levert av Nordpeis

Parkering / Garasje
Det er vert opparbeida parkeringsplass på eiga tomt, utandørs.

Om Tomta

Tomta er svakt skråande og er på om lag 580 kvadratmeter. Tomta ligg med direkte nærleik til vatnet med ei fantastisk utsikt over vatnet og store delar av Hafslo. Frå eigedomen er det gangfelt til Hafslo sentrum med dei fleste fasilitetar, som daglegvarebutikk, bank, skular (1.-10.klasse) samt barnehagar. Kommunalveg til eigedomsgrensa, den kommunalevegen vert asfaltert og vinterbrøytt, samt opplyst av gatelys.

Åtkomst

Frå Essostasjonen på Hafslo som ligg ved fylkesveg 55 tek du av mot Hafslo sentrum, her føl du fylkesvegen 337 i om lag 300meter, frå fylkesvegen tek du av til venstre mot Botn. Følg denne vegen i om lag 600 meter og ta til høgre, du vil sjå tomta på høgre side.
Regulering
Eiendommen er regulert av følgende plan: Detaljreguleringsplan for Botn.
LUSTER KOMMUNE
(Plan-id 1426-2016004)